På vegne av Bjørnafjorden Kommune har Os Rotary Klubb dei siste åra tatt på seg oppgåva med å kartlegga strandsona i Os for marint avfall og plast kvar vår. Området som vert kartlagt spenner frå Solbjørg til Drange. Alle fuglereservata vart dessutan rydda samstundes med kartlegginga.
Under den landsomfattande aksjonen Strandryddeveka organiserer Os Rotary sine medlemmer i tillegg skyss der det er naudsynt for å koma til med bår, deler ut avfallsekker og arbeidshansker til deltakarane og gjer nærare informasjon om området, tryggingsreglar og korleis ryddinga skal gå føre seg.